Les om kvifor Øyfjellingane ville bygge prøvebustad
I Øyfjell er det få hus til leige, og dette var grunnen til at Øyfjell City-prosjektet ynskte å jobbe for at kommunen skulle byggje ein prøvebustad i Øyfjell.
Å skaffe seg bustad
Å skaffe seg bustad er den største investeringa ein gjer i livet. Ideen med prøvebustaden var å minske risikoen ved å flytte til ein ny stad. Tanken var at ein kunne leige prøvebustaden for maksimalt tre år medan ein finn ut om Øyfjell er staden å bu, og eventuelt ha ein stad å bu medan ein bygger seg eit eige hus.
Internasjonale arkitektar og «Televisjoner»
Prøvebustadprosjektet gjekk i 2008 inn i ei ny fase. Tre unge, idealistiske og internasjonalt renommerte arkitektar teikna grovskissene til prøvebustaden og tomtefeltet i Øyfjell. Dei tre arkitektane var Sverre Sondresen (Noreg), Dagur Eggertsson (Island) og Sami Rintala (Finland) (sjå www.rintalaeggertsson.com). Saman står dei bak dette arkitektoniske prosjektet som er kalt «Televisjoner»
I prosjektet Televisjoner er lokal byggeskikk utgangspunkt for å vidareutvikle arkitekturen i prøvebustaden til ein moderne, rural bustad.
- Les analysa av lokal byggeskikk og samanhengen med prøvebustaden i Øyfjell her
- Last ned skisseprosjektet i hefteversjon her
- Last ned powerpoint-presentasjon av skisseprosjektet her
Husbanken
Husbanken gjekk inn i et samarbeid med Vinje kommune for å få til dette pilotprosjektet. Husbanken ynskte å stø prosjektet fordi dette er forsking og utvikling. Det er såpass nyskapande og spenstig at det vil ha overføringsverdi til andre distrikt som jobbar mot ei negativ folketalsutvikling.
Kommunestyret i Vinje løyvde midlar til prosjektet, og i oktober 2010 sto prøvebustaden ferdig. Ved sidan av prøvebustaden vart det bygd to tilsvarande hus av private utbyggjarar. Tre hus tett i tett.
Les meir om den noverande statusen til eplekassa vår her.
Høg temperatur og søt frukt
Prøvebustaden vår har hausta både forarging og begeistring. Nokre tykte prøvebustaden såg ut som ei eplekasse med det flate taket og kasseliknande struktur. Men sidan eple både er ein søt og populær frukt, meinte vi det var ein brukbar metafor på prøvebustaden vår…
Har du spørsmål?
Kontakt oyfjell.utvikling@gmail.com.