Prøvebustaden

Lyst til å prøvebu Øyfjell? Kan me friste med opphald i ei «eplekasse»?

Prøvebustaden nordfrå
Prøvebustaden nordfrå

Masala à la Øyfjell

Rør i hop ei lita bygd som gjerne vil bli større, med eit overskot av idèar og ei handfull engasjerte stå-på menneske. Spe på med fire anerkjende, ambisiøse arkitektar og eit rykte om at ein vesentleg prosent av den urbaniserte delen av befolkinga vår drøymer om eit godt liv på landet. Tilset så ein velvillig kommune, kortreiste materialar og eit knippe dyktige handverkarar.

Utsikt. Foto Mona B. Kasin
Utsikt. Foto Mona B. Kasin

Kva ein får? Ein splitter ny og feiande flott prøvebustad!

Det har tatt fire år frå idèen om ein prøvebustad i Øyfjell tok form i det dåverande styret i Øyfjell Utvikling, til han stod ferdig hausten 2010. Han står no på mange vis som eit konkret eksempel på vidareføring av det overordna målet for Øyfjell City prosjektet, som vart avrunda i 2009. Bygda vår veks stadig – men me vil så gjerne bli endå fleire!

Solnedgong over prøvebustaden. Foto Mona B. Kasin
Solnedgong over prøvebustaden. Foto Mona B. Kasin

For kven?

Målgruppa vår er i fyrste rekkje par/familiar i etableringsfasa, som ynskjer å prøvebu bygda vår. Mange går med ynskje og tankar om eit liv på bygda, men å gjera alvor av slike planar er eit stort steg å ta. For stort for mange.

Kjøkkenglaset
Kjøkkenglaset

Kvifor ein prøvebustad?

Målet med prøvebustaden er å tilby ein sjanse til å prøvebu Øyfjell utan måtte brenne alle bruer ved å kjøpe eller bygge hus for å realisere draumen. Dette representerar ei reel problemstilling, ettersom mangel på ledige hus er ei utfordring Øyfjell delar med Vest-Telemark generelt. Dette er særleg frustrerande når ein opplever at mange gjerne vil bu i bygda vår, men blir hindra av at det knapt er bustadar å oppdrive.

Ute. Foto Mona B. Kasin
Ute. Foto Mona B. Kasin

Praktisk informasjon

Vinje kommune har vore ein viktig støttespelar heile vegen, og står no som eigar av bygget. Styret i Øyfjell Utvikling er ansvarlege for å marknadsføre bustaden, samt ha kontakt med interesserte og fungere som eit «mottakarteam» for prøvebuarane.

Ein har høve til å leige prøvebustaden i inntil tre år. Leigeperioden er avgrensa for å kunne tilby flest mogleg ein prøveperiode i bygda vår. Oppseiingstida er på tre månadar. Prøvebustaden kostar pr. i dag kr. 7.000,- i månaden + straum og kommunale avgifter. Bustaden er ikkje møblert utover kvitevarer. Dyr er ikkje tillat.

Trapp. Foto Mona B. Kasin
Trapp. Foto Mona B. Kasin

Kontaktinfo

Styret i Øyfjell Utvikling har som oppgåve å vere kontaktpersonar, samt svare på spørsmål og prøvebustaden eller vidareformidle kontakt med kommunen. Send oss gjerne ein mail (oyfjell.utvikling@gmail.com) eller eventuelt ring leiar i styret, Madeleine Ek Hestdalen (tel: +4798085742) om det er noko du lurar på! Me set alle interesserte opp på ei form for venteliste, der «fyrstemann til mølla prinsippet» gjeld. Å seta seg opp på ei slik liste er ikkje bindande.

Me er stolte over å kunne opne dørene for dykk som ynskjer å prøvebu Øyfjell, slik at de har høve til å finne ut om de trivst like godt her som det me gjer!

Nordfrå. Foto Mona B. Kasin
Nordfrå. Foto: Mona B. Kasin

Er du nysgjerrig på livet i Øyfjell?

Ta kontakt med styret i Øyfjell Utvikling på epost oyfjell.utvikling@gmail.com