Les om Hyttefolkprosjektet i Øyfjell 2007-2009
Pilotprosjekt
Hyttefolkprosjektet vart oppretta i 2007 og var eit av Kommunal- og Regionaldepartementet sine pilotprosjekt innafor småsamfunnssatsinga. Målet med prosjektet var å undersøke og kartleggje den potensielle ressursen som hyttefolk kan vera for vertskommunen. Prosjektet var eit samarbeid mellom kommunane Vinje og Tinn. I utgangspunktet var det 3-årig (2007-2009), men Tinn heldt fram eit ekstra år, ut 2010. Prosjektet i Øyfjell vart avslutta i 2009.
Nytt løypenett i Øyfjell
Mange aktivitetar vart gjennomført i hyttefolkprosjektet, men spesielt stolte er vi over den flotte skiltinga av skiløypene i løypenettet i Øyfjell. Dette vart realisert økonomisk gjennom midlar i hyttefolkprosjektet og er eit tiltak som både hyttefolk og fastbuande har stor glede av.
Viss du vil lesa meir om hyttefolkprosjektet, så nøl ikkje med å laste ned spanande lektyre her:
- Sluttrapport for Hyttefolkprosjektet i Øyfjell
- Hyttefolk rapport 2008
- Kortversjon Hyttefolk rapport 2008
Kulturminnetavler
Sommaren 2011 vil nye kulturminneløyper pryde skogane i bygda vår. Desse er Juveporten, Røykilsåsen og Øyfjellsåi, og dei representerer vakre og informative løyper. Kulturminnetavlene som er laga til kvar løype er blitt realiserte ved hjelp av friske midlar frå hyttefolkprosjektet, Vinje kommune og Kulturdepartementet – samt ein god porsjon dugnadsinnsats frå entusiastiske sjeler. Som alltid i Øyfjell. Hiv på deg det historiske sinnelaget, knyt fast turskoa og putt kaffi på termosen – og vips er du klar for å gå, nyte og lære!