Trass i at me ikkje er skremande mange innbyggarar, finn du her ei imponerande lang liste over lag og foreningar me har fått ihop.
Herreforeninga for Øyfjellingar utan jaktprøve
Herreforeininga for Øyfjellingar utan jaktprøve (HFØUJ) satsar friskt på å aktivisere òg dei i bygda som ikkje luskar rundt i skogane i løpet av haustsesongen. Målet er å stelle i stand eit jaktenkeball, men medlemmene har foreløpig vorte truga av jegarane til å late det vere. Elles er det verd å nevne at HFØUJ kan seiast å vere initiativtakar og igangsetjar av Geitebukken Sjakklubb. Vidar Øygarden (95 80 07 57) er leiar, Jon Rikard Kleven sit som skrivar, kasserar, styremedlem og fyrste vara i styret. Ifylgje talsmann Kleven ligg dei to medlemmene no stille i tilfelle bjørn, men dei er ikkje daue.
Kulturgruppa
Med mål om aktivitet i bygda, legg kulturgruppa med meir eller mindre jamne mellomrom hovuda i bløyt for å spekulere ut nye sprell. Samstundes tilbyr Kulturgruppa ryggstøtte til sambygdingar si gjennomføring av ulike arrangement. leiar Eirin Frantzen (99 01 70 15),
Ta kontakt om du har ein idè til aktivitet du gjerne vil setje ut i livet!
Pinsemenigheten Betania Øyfjell
Pinsemenigheten i Øyfjell har sin base i bedehuset Betania, der song og musikk, samt eit tilbod til barn og ungdom er ein viktig del av verksemda. Sjå www.betaniaoyfjell.no for meir informasjon, eller ta kontakt med leiar Harald Skjong Kroken på tlf. 95 88 60 39, eller administrasjonsleiar Alfhild Kolbrek på e-post post@betaniaoyfjell.com.
Rorge Grendelag
Styret i Rorge Grendelag har mål om at flest mogleg skal kunne ha glede av huset, og brukar difor tid og krefter på oppussing og vedlikehald av det minste grendehuset vårt. Den årlege påskebasaren på Palmesundag og 4. dags joletrefest skaffar pengar på konto. Kristina H. Carlsen (Kontaktperson for leige av Rorge grendehus, tlf: 99727049).
Sondovlid skøyte- og skiflygarlaug.
Idet Sondovlidvatn gjer seg klar til vinteren, sit forventingsfulle laugsmedlem og slipar skøytene sine. Dei er klare for ein lynande effektiv skøytesesong, før snoen legg seg altfor tung – og det er tid for å leite fram hoppskia, tråkke underrenn – og førebu seg på lange svev og breie glis i bakken. Roy Gunnar Bergland (90 01 70 49) er laugsleiar, elles medverkar Ånund Sørbø, Knut Arne Lid og Harald Rishovd. Lauget ynskjer nye medlemmar velkomne med opne armar!
Styret for Øyfjell Bygdemuseum
Kontaktperson; Åshild Emma Solbjør, tel; 95879420.
Støttelaget for Øyfjell Bygdemuseum
Støttelaget engasjerar seg for aktivitet på bygdemuseumet vårt – sommar som vinter. I tillegg syter dei for at det kjem pengar i kassa!
Kontaktperson; Åshild Emma Solbjør, tel. 95879420.
Øyfjell Grendelag
Øyfjell Grendelag ynskjer liv og røre på Øyfjell grendehus. Kontaktperson; Wenche Tvedt Trovatn (40 29 46 19).
Øyfjell Miniatyr- og pistollag
Øyfjell miniatyr- og pistollag har pistolskjoting på innandørsbanen i grendehuskjellaren ei gong i veka. Laget har eigne lagsvåpen til utlån. Kontaktperson; Gunnar Breiland (oyfjellminiatyrogpistollag@gmail.com / 47750065).
Øyfjell-Raudsinutan Løypelag
Tre staute karar syter for at me har nær 50 km. oppkøyrde løyper i Øyfjell kvar vinter. For meir informasjon om løypenettet, sjå loypelag.no, eller ta kontakt med Jan Halgeir Landsverk (jan.hallgeir@loypelag.no, tlf. 97524346), Olav Førstøyl (olav@loypelag.no, tlf. 90693155) eller Ole Kristian Nyhus (ole.kristian@loypelag.no).
Øyfjell Utvikling
Med visjonen «Øyfjell – ei levande bygd» ynskjer Øyfjell Utvikling å vere ein støttespelar for utvikling av næringsliv og kulturliv i bygda. I tillegg engasjerar styret seg i rekruttering av nye sambygdingar gjennom marknadsføring av prøvebustaden vår, samt å fungere som mottakarteam for dei som ynskjer å prøvebu Øyfjell.
Anna Vinjerui Lid (40 29 53 81) sit som leiar, elles er Madeleine Ek, Lena Ø. Gaastjønn, Christina M Eriksen og Grethe Bjørkholt Seim med i styret.
For meir informasjon, klikk deg inn på denne nettsida sin Kontakt-side, eller send ein epost til oyfjell.utvikling@gmail.com.
Hyttevel
- Buin/Trovatn Hyttevel
- Sauli Hyttegrend Velforening
- Breivatn Hytteforening
- Breivatn Hyttefelt (Hyttedalen)