Øyfjell er ei lita bygd som ligg sør-aust i Vinje kommune. Her finst omlag 300 innbyggarar. I periodar aukar befolkninga mykje pga av dei vel 400 hyttene som ligg her. Øyfjell er ei bygd med stor aktivitet på fleire område. Klikk deg gjennom sida og finn ut meir om den trivelege bygdi vår.




Kajakkpadling på Bergsvatn


NYTT
Torgdag på museet 28.august
16.08.2010
Lørdag den 28. august vert det Torgdag på Øyfjell Bygdemuseum. Arrangementet startar kl 13.00, og det vert salg av mat, frukt og evt. anna folk vil selge. Dersom du har noko å selge - ta kontakt med Sigrunn på 926 16 657. Kulturgruppa i Øyfjell Utvikling vil og laga til ei lita markering av nye øyfjellingar fødde i 2009.
Familie frå Stavern blir Øyfjellingar
16.08.2010
Familie frå Stavern blir Øyfjellingar
Den nye prøvebustaden er no innflyttingsklar, og den fyrste familien som vil prøvebu Øyfjell, flyttar inn til skulestart! Familien Westgaard ventar spent på å få trø over dørstokken etter at flyttesjauen er over, og to store og tre små gler seg til å bli kjende med dei nye sambygdingane sine.
Kajakkpadling på Øyfjell
13.08.2010
Kajakkpadling på Øyfjell
Vinje Padleklubb har i år lagt mange av fellestreningane til Bergsvatn, Hovdevatn og Ljosdalsvatn. Me trenar på redningsteknikkar, eskimoruller og anna kajakkteknikk, og det stiller alt fra 2-3 til 8-10 padlarar på treningane.
Sykkeltrening kvar tirsdag og fredag
13.08.2010
Me har starta opp med racersykkeltrening på tirsdagar og fredagar. Oppmøte på Limoen kl. 18.00.
Catwalk på den nye badeplassen
16.06.2010
Catwalk på den nye badeplassen
Spør ikkje kva bygda di kan gjere for deg, men kva du kan gjere for bygda di.
SKULETUR TIL OSLO
12.06.2010
SKULETUR TIL OSLO
Øyfjell skule + fem mammaer slo seg laus i hovudstaden onsdag den 2.juni. På programmet sto mellom anna omvising på Den Norske Opera og besøk i NRK.