Øyfjell’s bustedfelt

Vinje kommune er no ferdige med opparbeiding av bustadfeltet i Øyfjell.

Søknadsfristen for fyrste tildeling av tomter er 01.08.2020. Er det fleire som ynskjer same tomt innan denne fristen vert avgjersle gjort med loddtrekning. Etter 01.08.2020 vert tomtene tildela fortløpande til dei som søkjer. 

Tomteprisen er kr 200 000 (kr 250 000 om tomta er større enn 1,5 mål), tinglysingsgebyr m.m kjem i tillegg. Tilknytingsgebyr til vatn og avløp kjem også i tillegg. Kr 10 000 blir fakturert når tildelinga er akseptert, restsummen blir fakturert når byggjeløyve er gjeve. Beløpet på kr 10 000 vert ikkje refundert om kjøpet ikkje vert noko av frå kjøpar si side. 

Velkomen som husbyggjar i Øyfjell!

Elektronisk søknadsskjema, vilkår, tomtekart m.m finn du herReguleringsføresegnene finn du her.