Facebook

15 hours ago

Øyfjell
🇳🇴🇳🇴🇳🇴🇳🇴🇳🇴🇳🇴 ... See MoreSee Less
View on Facebook

1 day ago

Øyfjell
Hei, her kommer ei historie og etterlysning frå 1949. Håper noen sitter med tips til Svein A Vinjerui.😃Eg vil gjerne dele ei historie med dykk frå mi tid i Øyfjell, som går 75 år tilbake i tid.Mor, far og syster mi, Kirsten, flutte til Øyfjell i 1948.Far var drivar på Øyfjell handverkslag sin snekkarverkstad. Dei fekk husvêre i Straumekrysset, ved sida av butikken. Huset var oppstelt så det skulle passe for ein liten familie. Så skulle det bli familieauke våren 1949 - det var eg som var på veg. Det var mykje sno den vinteren, og doktoren meinte at dei kjeringane som var svangre i Øyfjell då, måtte reise til fødestoga på Ulefoss. Øyfjellvegen og anna transport til fødestoga på Rauland ville bli vanskeleg.Derfor blei det drosje til Ulefoss, eg trur det var i slutten av april. Det hadde vore mildvêr ei tid, så det var berre å reise.Mor har fortalt i ettertid om turen. Det var ein lang tur, og før dei hadde kome til Høydalsmo hadde bilen sett seg fast fleire gonger. Drosjesåføren (Villhodd) høgg greiner av grån og la i vegrepune. Så måtte mor og dei to andre høggravide kjeringane ut og skuve bilen! Fram kom dei, og det blei heldigvis ingen fødsel undervegs! Mor blei gåande lenge og vente på Ulefoss - heilt til 16. mai før eg såg dagens ljos, men eg trur dei to andre blei fødde før meg.Det som eg lurar mest på no er: Kven var desse to andre som er omlag jamngamle med meg, og mødrene deira, som hadde same opplevinga som mor mi, på vegen til fødestoga? Eg har i mange år lura på kven dei to andre nyføddingane var, som også fyller 75 år i desse dagar?! Eg trur eg møtte ei av dei Silkedalen for nokre år sidan, på ein vårtur på ski der, men eg er litt usikker på dette. Kven tredjemann var, veit eg ikkje.Heimturen frå Ulefoss gjekk med Victoria i slutten av mai, til bryggja i Lårdal. Der henta far og onkelen min, Gunnar Midtbø, oss med lastebil. Så var det attende til Øyfjell. Seinare på hausten flutte me til lærarbustaden i Øyfjell, der me budde i lag med Andres Mæland. Neste haust kom bror min; Norleiv, til verda på fødestoga i Rauland. Det var produktive år!Men som sagt: dersom nokon kunne hjelpe meg å finne ut av kven "medpassasjerane" til mor i drosja var, og kven ungane er, så hadde det vore moro å høyre frå dykk.Beste helsingSvein A. Vinjerui ... See MoreSee Less
View on Facebook

3 weeks ago

Øyfjell
View on Facebook