Prøvebu Øyfjell!

Å flytte er eit stort livsval. I Øyfjell har vi ein flott prøvebustad som kan gjera det lettare å ta valet. Her kan du og familien din bu i inntil 3 år.

Sjå vår eigen facebookside eller instagram.

Eller trykk deg inn her på NRK eller lokalavisene VTB, TA eller Varden for nyheter fra bygda. .

Kva skjer i Øyfjell?

Korleis høyrest livet i bygda vår ut?

Det sit langt inne, men me må innrømme å ha høyrd om enkelte som ikkje heilt får med seg at dei er i Øyfjell, før dei alt har køyrd forbi.

Med det i bakhovudet kan me forstå at det finst dei som oppfattar mottoet vårt «Øyfjell – ei levande bygd» som i overkant spenstig. Det skal imidlertid meir enn eit par heva augebryn og litt oppgitt hovudristing til før me vik frå den oppfattinga.

Bygda vår er nemleg full av liv.

Det er berre om å gjere å stoppe opp, strekkje litt på beina – og bruke øyro. Oppe ved barnehagen hoiar det høglytt frå muntre småfolk. På skulen susar det ein fotball inn i nettmaskene rett etter at skuleklokka har ringt ut.

Der klirrar det i eit nykkelknippe. Bui har opna for dagen. Inne i grendehussalen har dei sprekaste av oss fått opp både pulsen og stemninga i treningskopla sine. Det raslar i boksider inne frå sommarbiblioteket. Det svisjar i karatedrakter og varmast opp korstruper. Det gjallar eit børseskot frå skjotebanen.

Der kjem det eit skrål frå toppen av Vehuskjeringi, der plaskar ei kajakkåre i Bergsvatn. Der rautar det ei kyr på Skolås, der klukkar det frå høner på Berge. Det sagast i Straumekrysset og hamrast ute ved Mogen. Det blir sykla, gått på ski, rusla og sparka i grus. Der klirrar det i ein kaffikopp, det blir rødd og ledd.

Og av og til er det heilt stille. Kan hende berre eit fiskevak, duren frå ei doven bie eller snoen som  legg seg.

Du må kan hende vidare no, men lyden du tek med deg inn att i bilen, det er altså lyden av livet her i Øyfjell.

Det er eit godt liv, synest me som bur her. Så godt at me ikkje kan tenkje oss å bu nokon annan stad enn akkurat her! Midt mellom aust og vest, omgitt av skog og fjell – i lag med rundt rekna 300 sambygdingar.

Har du òg lyst til å bli ein del av lyden av Øyfjell, er du meir enn velkomen!

«Og av og til er det heilt stille. Kan hende berre lyden av eit fiskevak, ei doven humle, snoen som legg seg.»

Støtt Øyfjell Utvikling!

Øyfjell Utvikling driftar denne nettsida og ynskjer å vere ein pådrivar og fremme utvikling, vekst og trivsel i bygda. Nettsida driftas med hjelp av støtte og penger via dugnader. Du kan bidra til å sikre drifta ved å støtte oss gjennom Norsk Tipping sin Grasrotandel eller donere direkte via Vipps #943780.

Støtt også Øyfjell Raudsinutan Løypelag på vippsnr #581029 for å sikre bygdas løypenett!