Fysisk aktivitet

  • Morsom og energisk danseaerobic til fengende musikk. Her skal vi smile, svette, le og ha det gøy! Ingen spesielle forkunnskaper trengs, og trinna kommer du inn i etter hvert.

    Sjå infoside

  • Skorve Karateklubb/Telemark Karate ønsker å tilby Shotokan karatetrening som et tilbud for alle uavhengig av fysisk nivå.

    Sjå infoside
    Sjå facebook-side

  • Knall styrketrening for alle som vil bli i bedre form. Øvelsene blir for det meste med kettlebells, men også noe med kroppsvekt.

    Som vanlig er treningene åpne for alle som vil prøve, og de er gratis

    Sjå infoside
    Sjå facebook-side

  • Øyfjell miniatyr- og pistollag har pistolskjoting på innandørsbanen i grendehuskjellaren ei gong i veka. . Laget har eigne lagsvåpen til utlån.

    Send mail til oss
    Sjå facebook-side

  • Kvar onsdag så godt som året rundt yrer det av små og store skytterar på dei to skjotebanane i bygda. Vinterstid innandørs i skjotebanen på grendehuset, elles utandørs på nye Øyfjell Skjotebane. Alle skyttarar, nye og gamle, unge og eldre er hjarteleg velkomne!

    Sjå infoside
    Sjå facebookside

  • Heiområda søraust for Øyfjell byd på ein vekslande og vakker natur sommar som vinter.

    Sjå her for informasjon om skiløypene som vert køyrt opp i dette fine turområdet.


Kultur

  • Fjellrøyst er eit damekor som syng songar i alle moglege sjangerar. Me er ein gjeng damer med ulik musikalsk erfaring, men felles er at alle likar å synge. 

    Sjå infoside

Organisasjoner

  • Herreforeininga for Øyfjellingar utan jaktprøve (HFØUJ) satsar friskt på å aktivisere òg dei i bygda som ikkje luskar rundt i skogane i løpet av haustsesongen. Målet er å stelle i stand eit jaktenkeball, men medlemmene har foreløpig vorte truga av jegarane til å late det vere. Elles er det verd å nevne at HFØUJ kan seiast å vere initiativtakar og igangsetjar av Geitebukken Sjakklubb.

    Vidar Øygarden (958 00 757) er leiar, Jon Rikard Kleven sit som skrivar, kasserar, styremedlem og fyrste vara i styret. Ifylgje talsmann Kleven ligg dei to medlemmene no stille i tilfelle bjørn, men dei er ikkje daue.

  • Med mål om aktivitet i bygda, legg kulturgruppa med meir eller mindre jamne mellomrom hovuda i bløyt for å spekulere ut nye sprell. Samstundes tilbyr Kulturgruppa ryggstøtte til sambygdingar si gjennomføring av ulike arrangement. Ta kontakt om du har ein idè til aktivitet du gjerne vil setje ut i livet!

    Leiar og kontaktperson er Eirin Frantzen (99 01 70 15).

  • Pinsemenigheten i Øyfjell har sin base i bedehuset Betania, der song og musikk, samt eit tilbod til barn og ungdom er ein viktig del av verksemda.

    Sjå infoside

  • Styret i Rorge Grendelag har mål om at flest mogleg skal kunne ha glede av huset, og brukar difor tid og krefter på oppussing og vedlikehald av det minste grendehuset vårt. Den årlege påskebasaren på Palmesundag og 4. dags joletrefest skaffar pengar på konto.

    Kontaktperson for leige er Kristina H. Carlsen (997 27 049).

    Sjå facebookside

  • Kontaktperson er Åshild Emma Solbjør (958 79 420).

  • I det Sondovlidvatn gjer seg klar til vinteren, sit forventingsfulle laugsmedlem og slipar skøytene sine. Dei er klare for ein lynande effektiv skøytesesong, før snoen legg seg altfor tung – og det er tid for å leite fram hoppskia, tråkke underrenn – og førebu seg på lange svev og breie glis i bakken.

    Roy Gunnar Bergland (900 17 049) er laugsleiar, elles medverkar Ånund Sørbø, Knut Arne Lid og Harald Rishovd. Lauget ynskjer nye medlemmar velkomne med opne armar!

  • Støttelaget engasjerar seg for aktivitet på bygdemuseumet vårt – sommar som vinter. I tillegg syter dei for at det kjem pengar i kassa!

    Kontaktperson er Åshild Emma Solbjør (958 79 420).

  • Øyfjell Grendelag ynskjer liv og røre på Øyfjell grendehus.

    Kontaktperson er Wenche Tvedt Trovatn (402 94 619).

Klikk her fleir aktivitetstilbud i Vinje.