Lyden av Øyfjell

Korleis høyrest livet i bygda vår ut?

Stille
Stille

Det sit langt inne, men me må ærleg innrømme at me har høyrd om enkelte som av ulike årsakar ikkje heilt forstår at dei er i Øyfjell før dei alt har køyrd forbi. Med det i bakhovudet kan me forstå at det finst dei som oppfattar mottoet vårt «Øyfjell – ei levande bygd», som vel spenstig. Det skal imidlertid meir enn eit par heva augebryn og litt oppgitt hovudristing til før me vik frå det standpunktet.

Lama
Lama

Bygda vår er nemleg full av liv…

17. mai i Øyfjell
17. mai i Øyfjell

Det er berre om å gjere å stoppe bilen, strekkje litt på beina – og bruke øyro. Der høyrer me Torild koma durande på Vespa’en sin, på veg for å låse opp bui. Oppe ved barnehagen hoiar det høglytt frå muntre småfolk. Det som akkurat susa forbi deg var nok sykkelgjengen som var ute og testa dagsforma, og inne i grendehussalen har Emilie fått opp både pulsen og stemninga blant aerobic-koppelet sitt. Der gjallar det i eit børseskot frå skjotebanen, men lamaene til Helge ser ikkje ut til å skake seg nevneverdig opp av den grunn – dei er travelt opptatt med å avrunde ein middels hektisk dag på sommarbeite med ein kameratsleg spyttekonkurranse. Der kjem det eit skrål ifrå toppen av Vehuskjeringi, der plaskar det frå kajakktrening på Bergsvatn. Der rautar ei kyr på Skolås, og der mekrar ei geit på Raundalen. Det sagast, høvlast og målast i Straumekrysset, det kjevlast i ein omskolert revagard, der klirrar det i ein kaffikopp – det blir rødd og ledd. Og av og til er det heilt stille. Kan hende berre lyden av eit fiskevak, ei doven humle eller at snoen legg seg.

Du må kanskje vidare no –

-men den lyden du har tatt med deg inn att i bilen er altså lyden av livet her i Øyfjell.

Plukke bær
Plukke bær

Det er eit godt liv, synest me som bur her. Så godt at me ikkje kan tenkje oss å bu nokon annan stad enn akkurat her! Midt mellom aust og vest, omgitt av skog og fjell – og i lag med 300 herlege sambygdingar.

Har du lyst til å bli ein del av lyden av Øyfjell du òg, er du meir enn velkomen! Trykk her så finner du bustad/tomter til leige og sals!

Skuterar
Skuterar